Aktivitetar for barn og ungdom får pengar

Hovedutval for kultur fordelte onsdag over 4 millionar kroner til aktivitetar for barn og ungdom for 2026.

Ungdom spiller gitar med en langhåret ungdom som spiller trommer i bakgrunnen  - Klikk for stort bilde Mostphotos

29 kunstnariske aktivitetar for barn og ungdom i heile fylket får til saman 1,25 millionar kroner i første tildelingsrunde 2026. 1 million kroner står igjen til den siste tildelingsrunden i år.

For 2026 blir søkarar som prioriterer ungdomsmedverknad i planlegging og gjennomføring av aktivitetar og arrangement, sett spesielt positivt på.

Støtter mål i kulturstrategien

Det kom inn 36 søknader, men 7 av desse får ikkje tilskot anten fordi dei ikkje oppfyller kriteria eller fordi dei får pengar frå andre ordningar.

Ein av hovudambisjonane for kulturstrategien til Innlandet fylkeskommune er å sikre at barn og unge har god tilgang til verdifulle møteplassar som aukar deltakinga og utviklingsmoglegheiter innan kunst- og kulturfeltet.

Tilskotsordninga støttar opp om dette målet.

Saka vart samrøystes vedtatt.

Les sakspapira PS 2/2026

Desse får tilskot til kunstnarisk aktivitet for barn og unge

Barn og ungdom 1. tildeling 2026
TittelSøkerRegionTildeling i kroner
Innbygda skole (Helt på jordet)TeaterTEFTKongsvinger-regionen50 000
Rakkata - Kulturelle søndager for barn og ungeTynset kulturhus/Tynset kommuneNord-Østerdalen45 000
Erik den fredløseKopparleden teaterlagSør-Østerdalen45 000
G-Valley Battle 2026Gudbrandsdal Streetdance foreningMidt-Gudbrandsdalen40 000
Låtskrivingskurs for ungdomJulie Buflod TorpGjøvik-regionen30 000
Ta grep! Spelle sammenErik Larsen informasjonstjenesterSør-Østerdalen35 000
Musikkfest Gjøvik-regionenMusikkfest Gjøvik-regionenGjøvik-regionen60 000
«Jazz og sånn»Hamar kulturskoleHamar-regionen40 000
Ungdommens gatekunstfest i bakgårdenNord-Aurdal kommuneValdres50 000
Løten ungdomsteater, Folkeeventyrene the musicalLøten ungdomsteaterHamar-regionen45 000
Kulturaktiviteter og kulturinnslag, fylkesleir 4HKlettsno 4HInnlandet (austleg del)40 000
Landsfestivalen i gammeldansmusikk 2026Vågå TrekkspelklubbInnlandet og nasjonalt60 000
Ungdomsmedvirkning og arrangøropplæring på BVDBarnas Verdensdag Tynset, Tynset kulturskoleNord-Østerdalen40 000
Barn vever på FjordheimGalleri FjordheimMjøs-regionen35 000
Valdres Sommerbrass 2026Korpsnett NorgeValdes/Nord-Gudbrandsdal45 000
HandverkslabratoriumHjerleid ASNord- Gudbrandsdal/Midt-Gudbrandsdal50 000
Vi bærer hverandre – Røst produksjonerPS:Prosjekter/RøstHamar-regionen og Innlandet40 000
Pippi LangstrømpeNord-Aurdal kommuneValdres45 000
Arrangements- og organisasjonsopplæring i 4H via styrevervskurs4H OpplandInnlandet (vestleg del)40 000
Gutterommet snakkerStudio O ASNord-Østerdalen50 000
DovrejulDovrejulNord- og Midt-Gudbrandsdalen60 000
Unge ledere UndergroundPS:DansHamar-regionen40 000
Workshops, battle og dansecamp på Loftet vår/sommer 2026Loftet dansestudioMidt-Gudbrandsdal/Innlandet30 000
Fjellheimens døtre – unge stemmer i musikk, dans og scenekunstLasse TronstadInnlandet50 000
Soul Sessions Community 2026Loftet dansestudioMidt-Gudbrandsdal/Innlandet20 000
Valdres Sommerballett 2026Den Norske Ballettskole Valdres ASValdres/Hamar nasjonalt/internasjonalt50 000
World Ballet Grand Prix Norway 2026Den Norske Ballettskole Valdres ASHamar, Innlandet30 000
Defrost Youth Choir sommerakademi 2026Defrost Youth ChoirHamar-regionen/Innlandet45 000
FilmaktivitetLØV FilmInnlandet40 000

Tilskot til regionale ungdomssatsingar

Ni av ti regionar i Innlandet har i dag ei regional ungdomssatsing. Felles for desse satsingane er at dei skal gi gode fritidstilbod for og med ungdom på tvers av kommunegrenser.

Døme på aktivitetar som er sett i gang gjennom satsinga er ungdomsmusikalar, teaterdagar og friluftsaktivitetar.

Fylkeskommunen støttar dei regionale ungdomssatsingane gjennom treårige avtaler. I denne søknadsrunden har òg Lillehammerregionen sendt inn søknad og er dimed med igjen etter ein pause sidan 2021.

Til saman får dei ti satsingane nesten 3 millionar kroner årleg over ein treårsperiode frå 2026 til 2028. Politikarane tar atterhald om at tildelinga ligg inne i budsjettvedtaka for 2027 og 2028. Budsjettet blir vedtatt i desember kvart år.

Ønsker evaluering

Politikarane meiner ungdomssatsingane er viktige for å realisere både Innlandsstrategien og kulturstrategien for Innlandet fylkeskommune.

Ole André Storsnes (Sp) fremja eit tilleggsforslag om at hovudutvalet skal få ei evaluering i slutten av tilskotsperioden.

Saka vart samrøystes vedtatt med tillegget til Storsnes.

Les sakspapira PS 3/2026

Så mykje får dei ulike regionane

Regionale ungdomssatsinger
Satsing/regionTildeling i kroner
Ung i Valdres350 000
Ung i Nasjonalparkriket300 000
Ung i Nord-Østerdalen/Innafor300 000
Ung i Hamarregionen300 000
Ung i Midtdalen350 000
Ung i Sør-Østerdalen300 000
Ung i Gjøvikregionen300 000
Ung i Kongsvingerregionen300 000
Ung Hadeland177 000
Ung i Lillehammerregionen300 000